Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Coop permitterer 50 bakeritilsette

STENGD SIDAN NOVEMBER

STENGD: Bakeriverksemda Goman Rognaldsen permitterer tilsette. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar Wiederstrøm

Omlag 50 av dei tilsette på bakeriverksemda Goman Rognaldsen i Lindås nord for Bergen er permittert, og det er knytt stor uvisse til om verksemda kjem til å overleve.

Verksemda har vore stengd sidan byrjinga av november. Majoritetseigar Coop gjennomfører ei gransking på bakgrunn av ei alvorleg arbeidsulukke i september og ei mellombels stenging av verksemda frå Mattilsynet side 25. oktober.

Dei tilsette har fram til no motteke full løn frå Goman Rognaldsen, men det vart det slutt på onsdag. Då fekk dei tilsette permitteringsvarsel. Dei vil få 25 prosent løn frå Goman Rognaldsen og 25 prosent frå Coop Industri. Resten av tida er dei permitterte.

– Vi skal ivareta de ansatte, og de ansatte skal få lønn så lenge vi jobber med denne saken, sa kommunikasjonsdirektør i Coop Bjørn Takle Friis til Klassekampen før jul.

Friis skriv i ein ein e-post til Klassekampen: «Goman Rognaldsen permitterer sine ansatte som følge av at bedriften har forbigående utfordringer med å sysselsette arbeidstageren». Han skriv vidare at verksemda freistar å sikra vidare drift i verskemda «.. til tross for at kontrakten med den største kunden [Coop] er terminert».

Friis kan ikkje svare på når tid Gomann Rognaldsen opnar att. Det er «..behov for gjennomføring av vesentlige utbedringer av mangler knyttet til HMS og matsikkerhet før produksjonen på forsvarlig måte kan gjenopptas.»

Tillitsvald for Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbundet (NNN), Gentian Pirushi, er uroleg over utviklinga.

– Dei tilsette er urolege. Permittering er ikkje bra for vi får redusert løna vår. Heldigvis får vi tilbod om kurs som gjer at vi kan auke kompetansen, seier Pirushi.