Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gir råd for fleire kvinnelege leiarar

RÅD: Det er gammaldags å slå seg til ro med dårleg kjønnsbalanse i leiargruppa, meiner barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H). Helleland og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sender råd til 500 selskap om korleis dei skal få fleire kvinner opp og fram i bedrifta. – Vi har mange dugelege leiarar som viser at det er mogleg å rekruttere fleire kvinner i leiinga, og det fortener dei honnør for. Dei blir lagde merke til, og dei er attraktive arbeidsgivarar, særleg for dei unge flinke folka, seier Helleland. Råda er basert på innspel frå næringslivet. Selskapa blir mellom anna oppfordra til å legge til rette for å kunne kombinere familie og karriere. ©NPK