Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Snøfritt

  • I fjor på denne tida hadde eg vore to gonger på Kvamskogen og moka snøen av taket på hytta til svigerfar. Kvamskogen er eit vestlandsk nedbørshol der det kvart år fell nærare tre meter med nedbør. Oslo har til samanlikning 70 cm som årsgjennomsnitt. Kvamskogen ligg litt inne i landet, 400–500 meter over havet, og om vinteren fell det meste av nedbøren som snø. Ei times køyring frå Bergen sentrum er Kvamskogen normalt eit bergensk vinterparadis, men denne vinteren har så langt ikkje vore mykje å skryte av.