THE SEX FILES: Asa Butterfield og Gillian Anderson er son og mor i komiserien «Sex Education». FOTO: NETFLIX Sam Taylor/Netflix
HBO Nordic går inn i eit spanande år med fleire nordiske eigenproduksjonar på trappene, ikkje minst Lukas Moodyssons seriedebut «Gösta». Dette må vi likevel venta ein del på.
OPPLØYSING: Timothée Chalamet spelar eldsteson Nic, som vel rus framfor familie, og Steve Carell faren David, som nektar å gje opp Nic jamvel om det nær kostar han resten av familien.
FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON Francois Duhamel
(USA, 2018)
Regi: Felix Van Groeningen
Manus: Luke Davies etter David Sheffs bok «Beautiful Boy» og Nic Sheffs «Tweak: Growing Up on Methamphetamines»
Med: Steve Carell, Timothée Chalamet, Maura Tierney, Amy Ryan
Lengde: 2 t.
Kinoåret 2019 startar med ein av dei biografiske fjorårsfilmane som er spådd å vera Oscar-kandidat i år, ikkje minst i skodespelarkategoriane der stjerneskotet Timothée Chalamet («Call Me by Your Name») igjen er eit heitt namn. Chalamet er alt Golden Globe-nominert for rolla, talentet hans er uomstridd og den karismatiske skodespelaren er eit naturleg val for å gje tittelen «Beautiful Boy» eit andlet, men har han røynslene som skal til for å skildra tenåringen Nick Sheffs metamfetamin-liv, slik at vi trur på han? Eller har entusiastiske filmkritikarar i første rekkje vorte gripne av sjølve tanken på at ein pen og lovande ungdom frå den kreative klassen skal søla bort ei lysande framtid på rus? Mistanken snik seg inn når ein ser Felix van Groeningens USA-debut.