Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Kapernaum» slår såre og sinte slag på våre hjartestrengar.

Aleine i verda

LITEN MED STORT ANSVAR: Zain leier vesle Yonus gjennom farane – så legne han kan. «Kapernaum» har ei tydeleg fiksjonsramme, men er også eit nærstudium av gatebarntilværet i Libanon, filma i slumstroka og med dei som bur der i rollene.FOTO: ARTHAUS

Ein film som talar for rettslause gatebarn.

(Capharnaüm, Libanon, 2018)

Regi: Nadine Labaki.

Manus: Jihad Hojeily, Michelle Keserwany.

Med: Zain Al Rafeea, Boluwatife Treasure Bankole, Yordanos Shifera.

Lengde: 2 t. 6 min.

«Kapernaum» opnar i eit nedslite tinghus, der det blir gjennomført aldersgransking av eit barn. Kor gammal kan guten vera? Tolv, kanskje?