Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Du kunne klina deg inntil ein framand så lenge musikken spelte.

På dans

MEDFØDD PASSIV? Tvilsamt.

I samfunn der patriarkatet styrer over moralen, må kvinnene gje seg ut for å vera meir urøynde enn dei faktisk er, mens mennene må framstå som langt meir seksuelt aggressive enn dei personleg kan stå inne for. Desse attitydane fungerer som all annan reklame. Når sterk kjønnsdrift styrkjer den sosiale statusen til mennene, skryt dei på seg ein overnaturleg potens, slik spradebassane i barokken skjulte heilt normale kjønnsorgan i skamkapslar som kunne romma understellet på ein hingst. Og dersom jomfrudom er eit vilkår for å bli gift, og ekteskap er den einaste måten å forsørgja seg på, er det ingen jenter som snakkar om alle gutane dei har nedlagt.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.