Familiejula er krevjande – også i Danmark.
(Danmark, 2018)
Regi: Paprika Steen.
Manus: Jakob Weis.
Med: Paprika Steen, Sofie Gråbøl, Karen-Lise Mynster, Lars Brygmann Jacob Lohmann.
Lengde: 1 t. 45 min.
Medan Hollywood held fast på barnleg «julemagi» og hegnar om tida då ingen skal måtte gå einsam og omsorgslaus, har den eine europeiske regissøren etter den andre eksellert i å visa oss kor ille jula er: Tida då ein ikkje kjem utanom å ha noko med andre (familie) å gjera. Alt tittelen «Den tiden på året» fortel at Paprika Steens film stiller seg i sistnemnde tradisjon.