DALER NED I SKJUL: Venstre går jula i møte med ei ny meiningsmåling under sperregrensa.
Trine Skei Grande og Abid Raja har forsona seg på riksdekkande fjernsyn. Men krisa i Venstre held fram, for partiet har ikkje skværa opp med veljarane. For tredje månad på rad ligg Venstre under sperregrensa på Klassekampens meiningsmåling. Målinga er utført av Norfakta på vegner av Klassekampen og Nationen.