LÅST: I eit halvt år har seks elektrikarar i eit selskap som jobbar for Vegvesenet, streika for tariffavtale. El og IT Forbundet vil endra lova slik at offentlege innkjøparar skal stilla krav om tariff.
– Det er fint og fælt. Det kjem an på dagsforma. Det er godt å kjenna på støtta me får, og at me ikkje står aleine, seier Torgeir Magnarson Kalvenes, elektrikar i selskapet Traftec AS, ein underleverandør hos Statens vegvesen.