Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Alfonso Cuaróns «Roma» skriv seg inn blant filmens klassiske barndomsminne.

Eg veit meg eit land

FANTASTISK FOTO: Hushjelpa og hovudpersonen Cleo (Yalitza Aparicio) tar seg av eit av barna medan ho ser oppbrotet mellom husfolket. FOTO: NETFLIX Carlos Somonte

Barndomsminne frå Mexico.

(USA/ Mexico, 2018)

Regi og manus: Alfonso Cuarón.

Med: Yalitza Aparicio, Marina de Tavira, Verónica García, Jorge Antonio Guerrero, Fernando Grediaga.

Lengde: 2 t. 15 min.

Eit stykke ut i Alfonso Cuaróns «Roma» er vi til stades i eit dekadent nyttårsselskap på ein stor landeiendom, ein hacienda. Gjennom eit panorerande kamera ser vi oss undrande omkring på festkledde vaksne som både dansar conga i ei enorm peisstove og som morar seg med pistolskyting utandørs – alltid med ein drink i handa.