På veg til framtida
Fenomen: I Knud Knudsens fotografi går fascinasjon for natur og teknologi hand i hand.


Torild Gjesvik
Fotograf Knud Knudsen. Veien, reisen, landskapet
Litteratur
Pax 2018, 268 sider
Knud Knudsen var ein av dei produktive stilskaparane i den tidlege norske fotografihistoria. Han hadde base i Bergen, men reiste rundt og fotograferte kjente fenomen og formasjonar i det norske landskapet, og dokumenterte slik eit land på veg inn i moderniteten. Den samla produksjonen til Knudsen er stor og variert, men i «Fotograf Knud Knudsen» har kunsthistorikar Torild Gjesvik konsentrert seg om Knudsens interesse for dei moderne elementa i det norske landskapet. Han fotograferte ikkje berre storslegen natur på reisene sine, men også vegar, tunnelar og bruer, og annan moderne infrastruktur.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent