Brit Aksnes
Mannemenneske. Menn om livet, sex og forhold
Litteratur
Pelikanen 2018, 204 sider
I september i fjor kunne herverande avis melde om ein teikneserie som Justisdepartementet hadde stelt i stand for å skremme somaliarar frå å søkje seg til Noreg. Gjennomgangsfiguren Hassan vart nekta legehjelp, fekk slengt rasistiske ukvemsord etter seg, og måtte sove på ein benk i parken. Kampanjen møtte motbør for å framstille Noreg som eit kaldt og brutalt samfunn. Neste gong Frp-H-V og no kanskje også KrF får lyst til å kolportere eit skremmebilde av fedrelandet, kan dei berre få omsett Brit Aksnes si nye bok til eit par aktuelle språk. Dei allereie låge asyltala vil stupe, særleg mellom menn.