Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bondeoffer?

  • Kristeleg Folkeparti er på veg inn i den blå regjeringa, og i landbruket er det blanda kjensler av frykt og håp. Det er grunn til å frykte at KrF som konfliktherja juniorpartnar med symboltunge hjartesaker, vil ha landbrukspolitikk så langt ned på lista at dei større og meir garva regjeringspartia Høgre og Frp får dreie over på meir marknadsliberal kurs. Vegen kan liggje open når KrF mistar rolla som vippeparti i Stortinget, der regjeringa er i mindretal i delar av landbrukspolitikken. Men ein kan håpe at KrFs forhandlarar mannar seg opp til å kreve handa på rattet, ved å få landbruksministeren og ei regjeringserklæring der dei får prege landbruksfeltet.