Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidarrørsla og den bygderadikale rørsla har felles interesser.

Bygderadikalismen

Ein gong på sine eldre dagar fekk Johan Nygaardsvold spørsmål om kva han såg som den stoltaste hendinga i si politiske karriere. Han svara ikkje at det var då han vart stortingsrepresentant i 1921 og heller ikkje då han vart statsminister i 1935. Han svara at det var då han like etter konfirmasjonen vart vald inn i ei festnemnd i Hommelvik ungdomslag – og sett til å vaske kaffikoppar. Då skjønte han at samfunnet hadde bruk for han.