Portane til verket
Klårrøysta: Heming Gujord har tatt med seg Kjartan Fløgstads bøker inn i verkstaden, og laga eit storverk om stridane dei står i.

Heming H. Gujord
Fløgstad verk
Litteratur
Samlaget 2018, 548 sider
Tidleg i «Fløgstad verk» hamrar Heming Gujord på plass eit fundament for forståinga av Kjartan Fløgstads forfattarskap: «For han er språket eit materielt grunnvilkår, med forankring i talemålet og i folkekulturen, og blir slik heilt avgjerande i motstanden mot makta utanfrå og ovanfrå.» Her skil Fløgstad seg til dømes frå leiarfigurane i Sauda-streiken i 1970, som ifølgje Gujord såg språket som ein del av overbygninga, og ikkje ville stille med «språkleg handikapp» i klassekampen: «Kampen mot makta måtte førast på maktas eiga målform.»
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent