Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Øydeleggande «kommersiell»

LISBETH SALANDER: Claire Foy har bytta ut dronningkrone og «queens english» med punksveis og svensk aksent. FOTO: UIP Nadja Klier

«Snømannen»-overhaling av Salander.

(USA, 2018)

Regi: Fede Alvarez

Manus: Fede Alvarez, Jay Basu og Steven Knight, basert på David Lagercrantzs og Stig Larssons bøker

Med: Claire Foy, Sylvia Hoeks, Sverrir Gudnason, Lakeith Stanfield, Synnøve Macody Lund

Lengde; 1 t. 57 min.

Filmar og forteljingar frå eit spesifikt, lokalt miljø kan godt appellera internasjonalt gjennom si indre kraft og tematikk som overskrid alle grenser. Om ein freistar å destillera det universelle i historia, for så å kommersialisera destillatet, er ein likevel oftast garantert eit produkt som ikkje smakar noko(n). Slik er det med «The Girl in the Spider’s Web», ein thriller som til forveksling liknar ein Bolia-reklame når det gjeld både estetikk og logikk.