HØGT: Godtgjersla til 27 av styra og 24 av leiarane i statlege selskap har auka mykje meir enn lønnsveksten elles i samfunnet. Riksrevisjonen har gått gjennom 45 statlege selskap og fann at ni styreleiarar hadde ein lønnsvekst på over 10 prosent i 2015–2017, mens sju daglege leiarar fekk mellom 20 og 40 prosent meir i lønn i perioden 2014–2017. For vanlege folk var lønnsveksten på 2,5 prosent. – Dette er i mange tilfelle langt over det moderate nivået som regjeringa har gitt signal om. Godtgjerslene skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønnsleiande, seier riksrevisor Per-Kristian Foss. Han kritiserer òg at mange selskap ikkje er opne om lønnsauke.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene