Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trend held fram: Arbeidsløysa fell

FLEIRE I JOBB: Talet på heilt arbeidsledige fall med 600 personar frå september til oktober, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav som vart lagt fram fredag. Arbeidsløysa er no 2,2 prosent. I slutten av oktober var det registrert 61.500 heilt arbeidsledige hos Nav, ein nedgang på 4500 samanlikna med oktober i fjor. 48 prosent av dei heilt ledige tok imot dagpengar i oktober, viser tala. Til saman var 76.500 registrerte som heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar som deltar på tiltak hos Nav (bruttoarbeidsløysa). Det er 8900 færre enn i oktober i fjor, og svarar til 2,8 prosent av arbeidsstyrken, ned frå 3,1 prosent i fjor. Det er i Rogaland og blant ingeniørar at arbeidsløysa har falle mest.©NPK