URO: Den prekære situasjonen i ei rekke av domstolane skapar uro i justiskomiteen på Stortinget. Peter Frølich i Høgre meiner at budsjettforslaget frå regjeringa er for dårleg.
– Eg skal vera den fyrste til å seia at domstolane peiker seg ut som eit av felta som krev meir ressursar på både kort og lang sikt. Det skal me forsøka å gjera noko med i justisbudsjettet når det skal til Stortinget.