Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tsjekkoslovakia vart skapt i krig og kløyvd etter okkupasjon og diktatur.

100 dramatiske år

OKKUPERT PÅ NYTT: Den sovjetstyrte invasjonen 21. august 1968 var ei av dei mest dramatiske hendingane i Tsjekkoslovakias historie, og utløyste sterke nasjonale kjensler. Her frå sentrum av Praha stutt tid etter invasjonen. FOTO: NTB ARKIV CTK/Scan-Foto

Det er sjeldan kost i diplomatiet at to ambassadar går saman for å feire eit nasjonsjubileum, men dette skjedde i Oslo torsdag. Då inviterte den tsjekkiske og den slovakiske ambassadøren til felles feiring av 100-årsdagen for den oppløyste staten Tsjekkoslovakia.