Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vanetvang: Døden gir verken gys eller lindring i Tomas Espedals nye roman.

Sin eigen død

JEG ER EIN ANNAN: Tomas Espedals «Elsken» er ei tredjepersonsforteljing om ein mann som heiter Jeg. FOTO: JAKOB DALL
Litteratur

Tomas Espedal

Elsken

Litteratur

Gyldendal 2018, 92 sider

Om lag halvvegs ut i kortromanen «Elsken» får vi høyre om hovudpersonen si mor, som blei kreftsjuk og fråstolen slutten av livet sitt: «To år med stråling og kreftmedisiner som forvandlet henne fra å være et menneske til å bli en pasient. Pasienten ble en krøpling, udødelig, virket det som. Hun ble fratatt sin egen død.» Mora blei straffa med eit håp om livet, heiter det, og det forvandla henne frå eit menneske til noko som likna meir på ein marionett – festa med trådar til eit apparat som berre hendene til legen kan styre.