Tomas Espedal
Elsken
Litteratur
Gyldendal 2018, 92 sider
Om lag halvvegs ut i kortromanen «Elsken» får vi høyre om hovudpersonen si mor, som blei kreftsjuk og fråstolen slutten av livet sitt: «To år med stråling og kreftmedisiner som forvandlet henne fra å være et menneske til å bli en pasient. Pasienten ble en krøpling, udødelig, virket det som. Hun ble fratatt sin egen død.» Mora blei straffa med eit håp om livet, heiter det, og det forvandla henne frå eit menneske til noko som likna meir på ein marionett – festa med trådar til eit apparat som berre hendene til legen kan styre.