FEKK STØTTE: Knut Arild Hareide vil gjere alle KrF-arar til sine læresveinar, også blåblå sunnmøringar. Tysdag fekk Paul Kristian Hovden frå Ørsta hjelp frå sjefen sjølv.
Sunnmøre er ikkje blå. Hausten har fargelagt landsdelen i raudt og gult. I lokala til Hovden gravferdsbyrå i Ørsta tek gravferdsagent og KrF-politikar Paul Kristian Hovden imot Klassekampen, timar før Ørsta KrF skal diskutere KrF sitt retningsval måndag denne veka. Hovden er gruppeleiar for partiet i Ørsta kommunestyre. I to periodar har han vore varaordførar i den gamle industrikommunen.