Ny lov trugar livets opphav
Ingen veit kva som går tapt om regjeringa opnar for utvinning av mineral på den djupaste havbotnen.

Totalt mørke, eit trykk som om du har ein elefant ståande på stortåa, ein temperatur på mange hundre grader og høge skorsteinar som spyr ut kokande, giftig vatn. Ikkje akkurat ein leveleg plass? Faktum er at her er liv, eit mylder av liv, i alle tenkelege former! Faktisk er det her mange forskarar trur vi kan finne sjølve livets opphav. Og det er mellom anna her regjeringa med sitt nye lovforslag vil sleppe gruveindustrien laus med tungt maskineri. Stortinget skal i løpet av dei neste månadene bestemme om vi skal tillate gruvedrift på havbotnen, utan å vite korleis dette kan påverke det sårbare livet i havet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn