Vågalt og vellukka
Carl Javér samlar overlevande til å opna «den svarte boksen» i hovudet.

(Reconstruction Utøya, Sverige/ Noreg/ Danmark, 2018)
Regi: Carl Javér
Manus: Carl Javér, Fredrik Lange
Med: Rakel, Mohammed, Jenny, Torje
Lengde: 1 t. 33 min.
I år har det kome tre filmar om terroren på Utøya i 2011. Ved kvar premiere har eg gått nervøs til kinoen både på eigne og regissørane sine vegne. Kva påkjenning ulike tolkingar av sjølvopplevde traume må vera for overlevande og pårørande, er vanskeleg å gripa. Den innsikta har vore viktig for Carl Javérs dokumentar, som overlèt til fire overlevande å rekonstruera – ikkje iscenesetja – eigne minne. Alle som har sett dokumentaristen Errol Morris’ svært effektfulle rekonstruksjonar av til dømes skrivne vitnemål og minne, forstår at slikt skilje må seiast å vera flytande.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent