Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk tv-komikk

Få med deg:

FOTO: NRK

TV Norge har lenge vore leiande i utviklinga av norsk tv-komikk. Satsing på få, store talent over mange år har betalt seg i form av både sjåarar og kvalitet. Thomas Giertsens «Helt perfekt» held internasjonalt sjangernivå med parodien på underhaldningsmiljøet i Oslo. Lene Kongsvik Johansens store rollegalleri opererer i meir folkelege miljø eller kjente institusjonar, som skolen, sjukehuset og charterreisa. Hennar roller hadde fortent kulturpsykologiske og -sosiologiske analysar som snapshots frå norsk samtid. Det hadde òg Kevin Vågenes’ «Parterapi». Vågenes er det siste TV Norge-talentet, som no har eigen serie på NRK. Han spelar den vanskelege parten i ei rad ulike par som går til terapeut som siste bergingsplanke for forholdet. Imponerande mykje blir sagt gjennom utsjåanden på dei nær tause partnarane, men det er Vågenes’ kameleonlike talent for sosiale, psykologiske, kroppslege og dialektale særmerke som er kjernen i «Parterapi». Den viljeslause Kjell-Simen er ein favoritt frå sesong ein, medan den nye, passivagressive Maiken fangar noko i tidsånda som er vanskeleg å uttrykka i ord. «Parterapi» har sympatisk ti minutt korte episodar, som er prefekt for konseptet og gjer det mogleg å takla gammalfeministen Ellen, som må nytast i små dosar. Guri Kulås

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?