Gjennom filmatiske grep frå både Fritz Lang og R.W. Fassbinder, ser vi Weimar-Tyskland med dobbelt blikk: førkrigsspådommen og etterkrigsanalysen.
(Sesong 1 og 2, Tyskland, 2017/18)
Manus og regi: Tom Tykwer, Achim von Borries og Hendrik Handloegten etter Volker Kutchers roman «Der Nasse Fisch. Gereon Raths Erster Fall».
Med: Volker Bruch, Liv Lisa Fries, Benno Fürmann, Hannah Herzsprung, Mathias Brandt, Lars Eidinger, Severija Janusauskaite, Fritzi Haberlandt, Sebastian Urendowsky, Karl Markovics og Christian Friedel.
Lengde: 16 episodar à 45 min.
Blir vist på: NRK 1 måndagar og nrk.no, premiere i dag.
«Zu Asche, zu Staub» (Til oske, til støv … men ikkje enno) heiter det i den like delar suggererande og illevarslande kjenningsmelodien til «Babylon Berlin». Året er 1929, og songen blir først framført på den tidsrett fasjonable art deco-nattklubben Moka Efti.