Danmark er blitt en trubadur fattigere etter at Kim Larsen døde lørdag, 72 år gammel.
Politikk og pornografi, kunst og krim. Den ambisiøse, tyske dramaserien «Babylon Berlin» kan ikkje bli betre.
Fullkomen Weimar-fetisj
Gjennom filmatiske grep frå både Fritz Lang og R.W. Fassbinder, ser vi Weimar-Tyskland med dobbelt blikk: førkrigsspådommen og etterkrigsanalysen.
(Sesong 1 og 2, Tyskland, 2017/18)
Manus og regi: Tom Tykwer, Achim von Borries og Hendrik Handloegten etter Volker Kutchers roman «Der Nasse Fisch. Gereon Raths Erster Fall».
Med: Volker Bruch, Liv Lisa Fries, Benno Fürmann, Hannah Herzsprung, Mathias Brandt, Lars Eidinger, Severija Janusauskaite, Fritzi Haberlandt, Sebastian Urendowsky, Karl Markovics og Christian Friedel.
Lengde: 16 episodar à 45 min.
Blir vist på: NRK 1 måndagar og nrk.no, premiere i dag.
«Zu Asche, zu Staub» (Til oske, til støv … men ikkje enno) heiter det i den like delar suggererande og illevarslande kjenningsmelodien til «Babylon Berlin». Året er 1929, og songen blir først framført på den tidsrett fasjonable art deco-nattklubben Moka Efti.