BRÅK: Leiar i Bergen Frp Christoffer Thomsen feilinformerte styret då han i løpet av ti timar i mai fekk ekskludert tidlegare nestleiar i lokallaget.
Leiar i Bergen Frp Christoffer Thomsen sende ut ein e-post til styremedlemmene ein morgon i mai. I denne skreiv Thomsen at den tidlegare nestleiaren Arne Gabrielsen var dømt for vald og truslar. Det stemmer ikkje, stadfester Gabrielsens advokat Jan Magne Isaksen. Gabrielsen vart dømd for truslar.