Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noreg kan få mangel på lærarar

UTDANNING: For få vel grunnskulelærarutdanning, og om få år kan Noreg mangle over 3200 lærarar i barneskulen, ifølgje NRK. I sommar fekk 4201 personar tilbod om studieplass til grunnskulelærarutdanning, ein auke på 14 prosent frå i 2017. Likevel kan det bli mangel på lærarar i barneskulen om to år, ifølgje tal frå Kunnskapsdepartementet. Meir praksis vil gjere grunnskulelærarutdanninga meir attraktiv, meiner Anders Stokkan Overskott. Han jobbar som grunnskulelærar i Fredrikstad og meiner fleire ville fullført studiet og det ville gitt utdanninga eit løft dersom det 5. året i utdanninga vart gjort om til eit reint praksisår.©NPK