Nydeleg, trøblete familieportrett.
(USA, 2018)
Regi: Debra Granik
Manus: Debra Granik og Anne Rosellini etter Peter Rocks roman «My Abandonment»
Med: Ben Foster, Thomasin McKenzie
Lengde: 1 t. 48 min.
Ein grøn sommarskog fyller lerretet. Ein far og ei dotter sankar rutinert matvekstar som dei tar med til ein forseggjort leirplass. Tause gjer dei opp eld, slik folk har gjort det i uminnelege tider.