Kva har bompengar og sentraliseringsreformer til felles? Begge delar vekker eit sterkt engasjement, der folk opplever at vedtak blir dytta på dei ovanfrå. For tida står Finnmark i spissen for motstanden mot fylkessamanslåing, medan delar av fylket mitt er i opprør mot nye bompengeringar i Stavanger og Sandnes.