Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bøndene får produsere meir mjølk

TAL: Sommartørken har ramma bønder som produserer grovfôr til eigne husdyr, og skapt uvisse om mjølkeleveransane. Derfor får bøndene no produsere meir mjølk. Det er det såkalla forholdstalet for den disponible kumjølkkvoten som Landbruks- og matdepartementet onsdag vedtok å auke etter eit møte med representantar for marknadsregulatoren Tine, bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruksdirektoratet. Tine gjorde på møtet greie for marknadssituasjonen og la fram prognosane sine for både mjølkeproduksjon og etterspørsel, og fekk departementet med på å auke forholdstalet frå 0,99 til 1,04. ©NPK