Mor møter moralen
Den moralske kritikken av barsellitteraturen overser dei formande samfunnsstrukturane.
Spør ei nybakt mor om korleis fødselen var, og sjansen er god for at du får ei kjenslefylt og dramatisk historie – og takksemd på kjøpet. Vi er mange som ber rundt på slike forteljingar som skattar vi sjeldan får vise fram. Etter at eg sjølv hadde fått tre barn på tre år, var eg stolt av kor lite eg snakka om erfaringane, at eg ikkje vart ei av dei kvinnene som brått berre bryr seg om organisk barnemat og søvnmønsteret til ungen. Difor er det med blanda kjensler eg har observert normendringa i at yngre kvinner no skriv fritt og mykje om alt barsel medfører av omveltande erfaringar. Det er godt at det veks fram ein offentleg samtale om dette, men samtidig kjenner eg impulsen til å seie: Velkomen etter! Livets under er gamalt nytt sjølv om det no også har skjedd akkurat deg.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn