Takk til Eivor Oftestad for svar (14. august 2018) der ho klargjer ein del av synspunkta sine frå side 3-kommentaren sin 9. august. I denne kommentarartikkelen reagerte eg på Oftestads formulering om at ho er skeptisk til islam når denne religionen «tilsynelatende så enkelt kan radikaliseres». Det ho meinte var sjølvsagt radikalisering av enkeltmedlemer til terrorisme –og formuleringa hennar går inn i ein tvilsam «debatt» der islam essensielt sett er ein valdeleg religion. Eit av mine motargument var at det i dag er valdelege tendensar i mange ulike religionar utan at dei er essensielt valdelege av den grunn.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene