Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Her gjeld eit kjent, godt råd for sommarkinoaction: Legg att hjernen i billettluka.

Megamiddelmåtig

LOCK, STOCK OG HARPUN: Jason Statham held hovudet kaldt og sixpacken spend i møtet med den forhistoriske haien megalodon. Godt gjort, særleg når han blir akkompagnert av Carolas «Hej Mickey» – på thai. FOTO: SF NORGE

Måteleg ambisjonsnivå held triviell hai-action flytande.

(USA, 2018)

Regi: Jon Turteltaub.

Manus: Dean Georgaris, Jon Hoeber og Erich Hoeber etter Steve Altens roman «Meg: A Novel of Deep Terror».

Med: Jason Statham, Bingbing Li, Cliff Curtis, Ruby Rose, Rainn Wilson.

Lengde: 1 t. 53 min.

Megalodon er den største haien som har levd. Arten døydde ut for halvannan million år sidan – trudde vi. Men det var før Jason «The Transporter» Statham tok rolla som bergingsdykkar i den løyndomsfulle Marianegropa og terga opp «det» som lever blant botnslammet der.