Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Mørke drifter, skarpt metall

Det urovekkjande, amerikanske tv-dramaet «Sharp Objects» er ein «True Detective» med kvinneperspektiv.

SØRSTATSGOTIKK: Camille (Amy Adams) må endå ein gong trø inn i domenet til mora Adora (Patricia Clarkson), som ho rømte frå som ung. FOTO: HBO NORDIC

(USA, 2018)

Serieskapar: Marti Noxon, etter Gillian Flynns roman

Regi: Jean-Marc Vallée

Med: Amy Adams, Patricia Clarkson, Chris Messina, Eliza Scanlen, Matt Craven, Henry Czerny, Miguel Sandoval

Lengde: Åtte timelange episodar

Vist på: HBO Nordic måndagar

Journalisten Camille Preaker (Amy Adams) er ei for tidleg utbrend kvinne i sin beste alder. Med meir vodka enn vatn i Evian-flaska maktar ho så vidt å halda på jobben i St. Louis Chronicle. Berre den godhjarta redaktøren Frank Curry (Miguel Sandoval) står mellom henne og undergangen. Det liknar eit siste bergingsforsøk, når Frank pressar Camille til å reisa til fødebyen Wind Gap for å dekkja ei tenåringsforsvinning.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen