Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fangane er ute av BotsfengseletNo vonar kulturen å koma inn

Nytt kulturhus?

EGON OLSENS ALLÉ: Håvve Fjell, Dominic Wilson, Jarl Solberg og Cliff Moustache vil fylla «Botsen» med kultur som speglar Grønland. Christopher Olssøn

Aksjonen «Slipp Botsen Fri» arrangerer i dag festival med kulturministeren for å få fart på planen om å fylla fengsel med kultur.

– Heilt sidan i fjor haust har vi prøvd å få i gang ein dialog med dei statlege eigarane om etterbruken av Botsfengselet. Vi meiner det kjende signalbygget midt på Grønland i Oslo burde bli eit fleirbrukshus for kunst og kultur, og no arrangerer vi festival for å få ny energi inn i prosessen, seier Jarl Solberg, dagleg leiar ved Nordic Black Theatre.