Nye samlivsskjelv

Serieskaparar: Hagai Levi, Sarah Treem.
Med: Dominic West, Maura Tierney, Ruth Wilson, Joshua Jackson, Omar Metwally.
Vist på: HBO Nordic, ein ny episode i veka.
«The Affair» frå 2014 er blant dei beste og mest velspelte tv-dramaa på denne sida av tusenårsskiftet. Med utgangspunkt i ein tankelaus sommarflørt mellom ein gift familiefar med forfattarambisjonar og ei yngre kvinne i eit sorgtyngd ekteskap, spinn serien ei spanande, flau, fortvilande, tragikomisk og framfor alt psykologisk truverdig historie om menneskeliv som går i oppløysing.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent