Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oslo

  • Kva skal eg kjempe med, kva er mitt byvåpen? Det spørsmålet har mange Oslo-borgarar stilt seg dei siste dagane, etter at det blei klart at Oslo får ein ny, stilisert variant av vårt klassiske Sankt Hallvard. Eller – kva var det eigentleg som blei klart? Oslo kommune skreiv på nettsida si at dette var eit «forslag til fornyet byvåpen». Men då byens innbyggjarar kritiserte kommunen for å lage nytt byvåpen, fekk dei så hatten passa av raudgrøn fløy. Det er visstnok berre ein logo, og det måtte då folk kunne skjøne sjølv om kommunen kalla det eit fornya byvåpen.