Kvar si ulukke
Liv: Ei velkomponert historie skaper forståing for kor mykje ulikskap nærleik kan romme.


Minna Rytisalo
Lempi
Litteratur
Omsett av Turid Farbregd
Pax forlag 2018, 256 sider
At éit menneske kan framstå som vidt forskjellige personar for dei ho har rundt seg, er grundig etablert i norsk samtidslitteratur av Carl Frode Tillers sterke «Innsirkling»-trilogi (2007–2014). Romanen «Lempi» av den finske debutanten Minna Rytisalo er bygd opp rundt den same innsikta og med liknande litterære grep: Tre forteljarar vender seg til Lempi, kvinna som har forsvunne, med kvar si forteljing om kven ho var for dei. Romanen vekte oppsikt då den kom ut i Finland i 2016, og fekk begeistra omtalar og litterære prisar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn