Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bør småbarnsmødrer bryta saman oftare, for at verda skal sjå jobben dei gjer?

Mors helvete

EI Å DELA ALT MED: Mackenzie Davis som «nattbarnepleiaren» Tully, og Charlize Theron som den utslitne trebarnsmora Marlo. FOTO: NORSK FILMDISTRIBUSJON Kimberly French / Focus Features

Endeleg: Barselkvinnehumor.

(USA, 2018)

Regi: Jason Reitman.

Manus: Diablo Cody.

Med: Charlize Theron, Mackenzie Davis, Ron Livingston, Mark Duplass

Lengde: 1 t. 35 min.

Ja, ja, ja! Svevnlaus på grensa til psykose, brystpumping heilt til du rautar i staden for å snakka, spedbarnet som gret non stop medan storesøsken nektar å kle seg om morgonen, søler frukosten sin i fanget ditt og spør med forskrekka blikk på det slappe, nytømde bukskinnet ditt: «Mor, kva er gale med kroppen din?» Den frigjerande, hysteriske låtten bryt ut i det ein kjenner seg att.