Ein bonus av at journalistar streikar i ny og ne, er at dei lærer noko om arbeidslivet. Det skjer noko inni den mest ignorante småborgar, som prinsipielt meiner at streikevåpenet er avleggs, når det er alvor og streiketrøyene og streikevaktene blir fordelte. Slappe høgrefolk blir momentant dei mest militante, og vi gamle raddisar må gripe inn mot spontane eksklusjonsframlegg mot kollegaer som forsømer seg det minste. Slik har det stundom vore i streikesoga til Norsk Journalistlag, som starta med både avis- og NRK-streik i 1990.
SER SØROVER: Bjørnar Danielsen og Terje Angvik er med i Angvik bygdelag. Dei arbeider for at bygda deira – og fleire av nabobygdene – skal flytte til Molde kommune. Tom Henning Bratlie
Fylkesmannen i Møre og Romsdal går inn for at grensa mellom Molde og Gjemnes skal bli justert. Det vil seie – ikkje alle er samde i at det er ei «justering» når 40 prosent av arealet og 25 prosent av folket i Gjemnes forsvinn.