Land og folk
Bokstavleg og språkleg er det vår felles fødsel me feirar i morgon.
«Vi ere en Nation vi med ...» skreiv Henrik Wergeland i 1841, om barna. 1800-talet var nasjonsbygginga og nasjonalromantikken sitt hundreår. Sidan då har nasjon hatt ein opphøgd posisjon. Opphavet er latin, men dei ulike språka i Europa har det frå fransk, der det kom i bruk rundt 1200. Natalitet, fagord for fødselsrate, er i slekt. Og fransk for jul, Noël, har òg – ikkje uventa – med fødsel å gjera. Så ordet nasjon kan me eigentleg omsetja med fødselsfellesskap.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent