Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Loving Vincent» nyttar Vincent van Goghs teknikk i eit imponerande filmprosjekt.

Krim strøk for strøk

ARMAND INTERVJUAR DR. GACHET: «Loving Vincent» er ei skisse av Vincent van Gogh sett gjennom augo til ulike menneske omkring han. FOTO: SELMER MEDIA

Modellar frå van Goghs kunst kjem til live for å forklara kunstnarens død.

(Polen/Storbritannia, 2017)

Regi: Dorota Kobiela, Hugh Welchman.

Manus: Dorota Kobiela, Hugh Welchman og Jacek Dehnel.

Med: Douglas Booth, Chris O’Dowd, Robert Gulaczyk, Eleanor Tomlinson, Saoirse Ronan, Jerome Flynn, Helen McCrory.

Lengde: 1 t. 34 min.

Kva skjedde i den franske småbyen Auvers-sur-Oise, den 27. juli 1890, dagen då målaren Vincent van Gogh kom tilbake frå kornåkrane utan staffeli, men med det som to dagar seinare viste seg å bli eit dødeleg skotsår i magen. Vincent van Goghs død er utgangspunkt for det originale og visuelt meisterlege kunstnarportrettet «Loving Vincent». Det er eit vellukka polsk-britisk samarbeid mellom den kunstutdanna regissøren Dorotea Kobiela og produsent Hugh Welchman, som òg stod bak Suzie Templetons dokkeanimasjon «Peter & the Wolf» (2006).