Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Film

Litt for sobert om fornekting

Rampling-show: Charlotte Rampling spelar kvinna som må innsjå sanninga om ekteskapet sitt. FOTO: TOUR DE FORCE

(Belgia/ Frankrike/ Italia, 2017)

Regi: Andrea Pallaoro

Manus: Andrea Pallaoro, Orlando Tirado

Med: Charlotte Rampling

Lengde: 1 t. 29 min.

Den eldre kvinna Hannah er aktiv i ei amatørteatergruppe. Dei øver inn Henrik Ibsens «Et dukkehjem», men det er i Hannahs eigen heim det store, ibsenske familiedramaet går føre seg. Det er her Hannah i alle år har spela skodespel for seg sjølv, ektemannen og den no vaksne og utflytta sonen. Ho held fram med sjølvbedraget, òg etter den skilsetjande dagen når vi møter henne. Ingenting blir sagt, men vi ser Hannah pakka kofferten for mannen sin. Han verkar opprørt – ho uanfekta, lukka. Når ho følgjer han på reisa, viser det seg at han skal sona i fengsel. Han er dømd for noko så uhøyrt at Hannah ikkje vil tru eller tenkja på det.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen