Maria Magdalena var vitnet som fortalde at Jesus hadde stått opp frå dauden og forlate grava. Det er inga lita sak, men stort meir står det ikkje om henne i Bibelen. Om ein les Det nye testamentet festar likevel namnet seg, fordi Maria Magdalena (Maria frå Magdala) er blant dei få – namngjevne – kvinnene som følgde Jesus frå Galilea. Deira val om å venda familiane sine ryggen for å følgja ein profet, er jo meir radikalt enn valet til dei mannlege disiplane, ei erkjenning som opplagt har motivert dei kvinnelege manusforfattarane her.