DYR SKYSS: Skuleskyss kostar nær fire milliardar kroner i året – ein tredel av det barnetrygda kostar.Den dyraste skuleskyssen kostar ein million per elev.
Då skulen i Langfjordbotn i Alta kommune vart lagd ned måtte Elias og Eline reise 20 kilometer kvar veg til skulen i Kvænangen. Elias og Eline er ikkje åleine om å få reisa til og frå skulen dekt av det offentlege. I 2013 fekk 135.000 elevar i grunnskulen skuleskyss.