Ei ujamn oppsetjing der det er vanskeleg å forstå i kva retning regissøren vil.
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Henrik Ibsen.
Regi og kostymedesign: Hilda Hellwig.
Scenografi: Jan Lundberg.
Med: Svein Harry Schöttker Hauge, Kirsti Eline Torhaug, Rune Storsæther Løding, Lena Jacobsen Kvitvik, Sven Henriksen og Agnes Born.
«Lille Eyolf» frå 1894 er eitt av dei siste drama Henrik Ibsen skreiv, og i mangt er det den gamle meister som gjer opp livets rekneskap. Alfred Allmers (Svein Harry Schöttker Hauge) kjem heim frå eit langvarig opphald i fjellet der han skulle skrive ferdig boka si om «Det menneskelege ansvar». Men han har nærast fått eit syn, eller eit kall, og vender heim for å vie resten av livet til den ni år gamle sonen, Eyolf (Sven Henriksen) som er nesten lam i eine foten etter å har ramla ned frå eit bord medan foreldra hadde seg.