Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå den nynorske arven

I denne spalta ser vi tilbake på nokre meir eller mindre gløymde perler i nynorsk litteraturhistorie. Denne veka: Petra Kvisli.

Petra Kvisli (f. Olsen, 1874–1947) var forfattar og lærar frå Arendal, gift med Knut Kvisli i 1898. Ho skreiv på landsmål – til trass for at kom frå ein del av landet der det var vanleg å skrive på dansk, og ho hadde nære band til bondeungdomslaga. «Forteljingarne hennar hev vorte mykje lesne, og spelstykki hennar hev vorte spela hundradtal gonger i ungdomslagi rundt um i landet», skriv Anton Aure i ein biografi i 1916, og vidare: «Mang ei hugnadstund hev ho soleis gjeve bondeungdomen, og no takkar me ikkje berre for den væne songen, men og for dei bøkerne ho hev gjeve oss.» Med songen meiner han ‘Eg elskar dei voggande tonar’ (1898), som ho er mest kjend for. Kvisli skreiv forteljingane «Birgit» (1907) og «Tora Dal» (1912), som begge fortel om kvinner og deira vilkår i møte med kjærleiken, og skodespela «Ikkje vaksen» (1911) og «Elskhug og skoghandel» (1914), som vart det siste ho skreiv. Som kvinne på denne tida var det vanskeleg å få tid.